Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Varsel om oppstart av detaljregulering for sentrumsnære bustader på Hardbakke

Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan for sentrumsnære bustader gbnr: 26/63 på Hardbakke, jf. Plan- og bygningslova § 12-8.Klikk for stort bilete 

Føremålet med planen er å leggja til rette for bygging av sentrumsnære bustader på Hardbakke. Prosjektets overordna konsept er basert på klyngetunet, som ein historisk og karakteristisk busettingsform på Vestlandet. Panområdet er på ca. 3 daa, og er i dag ei ubygd vestvendt kolle sør for kommunehuset og vest for barnehagen.

 

De kan lese heile varselet her, og referat frå oppstartsmøte her.

 

For meir informasjon ta kontakt med Ola Roald AS v/ Siri M. Ludvigsen på 454 36 130 eller sml@olaroald.no. Det vil også bli invitert til informasjonsmøte på Hardbakke med forventa tidspunkt i november, møte blir annonsert i Firda og på kommunen sine heimesider 2 veker før.


 

Merknader eller opplysningar som bør leggjast til grunn for planlegginga skal snedast med brev eller e-post innan 1. september 2020 til:

Ola Roald AS Arkitektur
sml@olaroald.no
Øvre Langgate 50,
3110 Tønsberg

Med kopi til:

Solund kommune
post@solund.kommune.no
Hardbakke 26
6924 Hardbakke