Varsel om oppstart av arbeid med kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2020-2023

Klikk for stort bilete Treng vi ein ny tursti? Eit utandørs treningssenter? Eller noko heilt anna?

No skal vi lage ny plan for kva vi skal bygge og lage av slike anlegg dei neste åra. Det skal vere kontaktmøte for lag og organisasjonar tysdag 26. mars kl. 17.00 på Skafferiet, der du blant anna får vite meir om planen. Ta deg ein tur og få deg ein matbit! Om du ikkje kan komme denne dagen, kan du sende inn innspel og merknader med frist 25. april.

Solund formannskap vedtok i formannskapsmøte 04.03.2019, sak 011/19, Oppstart av arbeid med Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2020-2023, samt høyring av planprogram. Ei rullering i 2019 er i samsvar med Kommunalplanstrategi for Solund kommune 2016-2019.

Føremålet med arbeidet er å evaluere Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019, legge inn nye anlegg og tilpasse planen til dagens rammer. Ein viktig del av planen er ein handlingdel med plan for gjennomføring og fordeling av ansvar.

Planen gjev grunnlag for å søkje om spelemidlar til idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg til friluftsføremål.

I samsvar med §4-1 i Plan og bygningslova er det utarbeidd framlegg til planprogram som vert sendt på høyring i samsvar med §11-14, planprogrammet er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 14.03.2019 - 25.04.2019.

Merknader til planprogrammet og innspel til planen kan sendast til Solund kommune, Hardbakkevegen 26, 6924 Hardbakke, eller post@solund.kommune.no

Spørsmål om planarbog merknadereidet og/eller planprogrammet kan rettast til Anne Kristine Dyrdal, e-post:

anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no

Lenkjer:

Fann du det du leitte etter?