Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Val 2021 - Manntalet til ettersyn

Klikk for stort bilete Står du i manntalet?


For å kunne røyste ved Stortingsval og Sametingsval 2021 må du stå i manntalet.

No kan du sjekke om du står i kommunen sitt manntal. Manntalet for Solund kommune er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset på Hardbakke. Det ligg der til og med valdagen 13. september.

Kommunane har ikkje lov til å publisere utleggingsmanntalet på nett. Manntalet er derfor berre tilgjengeleg på kommunehuset.

Alle som står oppført i manntalet får tilsendt valkort i løpet av sommaren.
For dei fleste vil valkortet i år vere digitalt.

Har du nyleg flytta til kommunen og Folkeregisteret har teke imot flyttemeldinga frå deg innan 30. juni 2021, skal du stå i manntalet i kommunen du flyttar til. Vart flyttemeldinga motteke etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand i ein annan kommune.

Tid og stad for førehandsrøysting vert kunngjort særskilt.

 

Krav om retting

Dersom du finn feil eller manglande oppføring i manntalet, kan du krevje dette korrigert ved å sende en skriftleg klage til:

Solund kommune v/valstyret
Hardbakke 26
6924 Hardbakke