Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Vaksinedose 3 og vaksine til born 12 - 15 år

Klikk for stort bilete

Vaksinedose 3.
Solund kommune vil dei neste vekene tilby vaksine dose 3 til personar med nedsett immunforsvar.

Legekontoret har oversikt over kven dette gjeld, og dei aktuelle vil få telefon med tilbod om vaksinetime.

Vaksine til aldersgruppa frå 12 år og oppover.

Koronavaksinen Comirnaty fra BioNTech/Pfizer er den vaksina vi har nytta i Solund kommune under heile vaksineringa.
Denne vaksina er godkjend til personar frå 12 år og oppover.

Solund kommune tilbyr no denne vaksina til årskull 2006, 2007 og 2008, samt alle frå årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år.

De kan lese meir om korona-vaksine til born mellom 12 - 15 år her


Skulen vil sende med elevane heim eit skjema som både gir meir informasjon, men det er óg eit samtykkeskjema for vaksinering frå begge foreldra/føresette til born/unge under 16 år.

Dette skjemaet finn du óg finne på FHI sine nettsider her 


Vaksine til born/unge frå 12 år skal bestå av ei dose i denne omgang. Denne aldersgruppa har generelt svært god effekt av vaksinasjon, ei dose gir god beskyttelse mot alvorleg sjukdom.

 

Hugs å lese informasjonen du får i skulesekken til din elev og lever/send samtykkeskjemaet til Solund legekontor innan onsdag 15. september 2021.

Vaksineringa vil skje fredag den 17 september på legekontoret. Det vil bli gitt nærare informasjon om tid for vaksineringa pr. tlf. tidlig i veke 37.

De kan til ei kvar tid finne oppdaterte tal på kor mange som er vaksinert i Solund her.