Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Vaksine mot sesonginfluensa 2020-21

Klikk for stort bilete

Vaksine mot sesonginfluensa 2020-21 er komen.

Me vaksinerar risikogrupper på Grendahuset måndag 26/10 og tysdag 27/10 klokka 1000-1430 båe dagane.

Er du over 65 år eller har kronisk sjukdom, rår me til at du tek vaksine. Kronisk sjukdom kan vere hjartesjukdom, lungesjukdom, diabetes, kreft, nedsett immunforsvar eller helsesvekking av annan grunn. 

På Grendahuset er det ikkje timeavtale – berre møt opp.

Noko kø må påreknast på det travlaste ― hugs minst 1 meter avstand, hostehygiene og handhygiene.

Koronaskjema må fyllast ut.

Har du legetime i nær framtid, kan du få vaksinen då.

Du kan òg tinge time til vaksinering på legekontoret sitt laboratorium, men her vert kapasiteten avgrensa.

 

Er du ikkje i risikogruppe og likevel ynskjer vaksine, må du vende deg til apoteka.