Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Vaksine mot koronaviruset - oppdatert informasjon til innbyggjarane

Klikk for stort bileteSolund kommune er i gang med vaksinering.
Når sjukeheimsbebuarane er ferdig vaksinert (etter veke 2) går tilbodet ut til innbyggjarar flest - i tråd med dei nasjonale prioriteringane.

Personar som vert prioritert til vaksine vil bli oppringt frå legekontoret. Du skal ikkje sjølv ringe for tinging av time.


Koronavaksine og vaksinasjon er gratis og frivilleg å ta.

Du bør ha bestemt deg for om du vil ta vaksina før du vert oppringt! 
 

Du finn meir informasjon om vaksina på Folkehelseinstituttet sine heimesider (sjå faktaboksen på høgre side) 

    Dei nasjonale prioriteringane er som fylgjer:

    • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader
    • Eldre over 85 år
    • Eldre over 75 år
    • Personar over 65 år og personar 18–64 år med ein eller fleire kroniske sjukdommar som  gjev auka risiko for alvorleg forløp av evt covid-19-infeksjon.
    • Alle andre frå 65 års alder»

    Koronavaksinasjon er ein del av nasjonalt vaksinasjonsprogram.
    Noreg vil få tilgang på fleire vaksinetypar, men det er førebels usikkert kva tid vi får vaksinane, og kor mange.
    Vaksinen er førebels ikkje godkjend for dei under 18 år eller for gravide.

    Koronaviruset fører til infeksjon i luftvegane.
    Dei fleste får ingen- eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har kroniske sjukdomar har størst risiko for å få alvorleg koronasjukdom.