Tiltak for å redusere minkbestanden i Solund - ekstra fellingspremie på Hardbakke

Klikk for stort bileteSolund kommune har lenge hatt skotpremie på mink. Skotpremien er kr 100,- pr mink, og har vore uendra dei siste 20 åra.


Leif M. Skjærstad tok i brev til Solund kommune våren 2018 initiativ for å få auka uttaket av mink på Hardbakke . Han ynskte å gje inntil kr 4000,- til ekstra skotpremiar på mink tekne på Hardbakke. Med kr 400,- pr mink rekk det til 10 minkar. Samla fellingspremie pr mink vert då kr 500,- i ein periode.

Til no har dette berre resultert i ein mink fanga på Hardbakke. Ordninga vert difor forlenga inntil heile beløpet er brukt opp.

Bakgrunnen for initiativet er at minken i 2017 etablerte seg på Hardbakkevika og tok for seg av måseungar i Hardbakkevika. Solund kommune takkar for initiativet og håpar at fleire med dette vert inspirert til å starte minkfangst på Hardbakke, og sjølvsagt andre stader i Solund.

Mink er ein framand art som er vurdert til å utgjere ein høg risiko for norsk naturmangfald. I Solund er minken ein trussel særleg mot sjøfuglbestandar mange stader.

Solund kommune vil minne om at jegerar som skal fange mink må vere registrerte jegerar og ha betalt jegeravgifta. Skotpremieordninga skjer med medhald i viltlova sin §51 og naturvernlova §18.

Viltlova

På verdsbasis vert skadelege framande dyreartar rekna som ein av dei største trugsmåla mot naturmangfaldet. At framande skadelege artar etablerar seg og spreier seg fører til skadar på økosystem, artar, helse og næringsverksemd.

Mink er ein framand art som er vurdert til å utgjere ein høg risiko for norsk naturmangfald. I 2011 vart det laga ein eigen handlingsplan mot mink (DN-rapport 5-2011).

I Solund er minken ein trussel særleg mot sjøfuglbestandar, men kan og vere ein trussel mot sjøaure i enkelte bekkar. Mink kan og påverke andre artar gjennom konkurranse om den same føda, mellom anna kan den sterkt truga Hubroen kan verte negativt påverka av slik konkurranse med mink.

Skotpremie vert utbetalt under følgjande føresetnader:

  1. All jakt og fangst må skje i tråd med gjeldande regelverk, og jegeren m stå i jegerregisteret og ha betalt jegeravgifta.
  2. Det er ein føresetnad at grunneigar har gjeve sitt skriftlege eller munnlege løyve før jakta tek til
  3. Viltlova har eit generelt forbod mot all jakt og fangst i tida 24.-31.12, samt langfredag, påskeafta og 1.påskedag. I praksis skal alle fangstreidskapari desse dagane vere sett ut av funksjon. Fredningstida må overhaldast.
  4. Fire minklabbar skal bindast saman for kvart individ og leggjast i ein gjennomsiktig plastpose og visast på kommunen sitt servicekontor. Det er lurt å turke beine fyrst, eller oppbevare dei i frysar. Beina vert talde før utbetaling.
  5. Følgjande skjema må fyllast ut samstundes som minklabbar vert framvist.


 

Fann du det du leitte etter?