Tilskotsordning til utsiktsrydding

Ein draum for syklistar Vegen til Strand - Klikk for stort bilete

Til de som er interesserte i å rydda fram att utsikta til jordbruket sitt kulturlandskap i kommunen.

Informasjon om tilskotsordning til utsiktsrydding:

1) Ryddinga skal vera langsmed ein sti eller ein veg som er tilgjengeleg for ålmenta. I Solund vil ein spesielt ha folkus på å rydda vekk sitkagrana.

2) Ryddinga langs stien/vegen skal gje auka utsikt frå stien/vegen til landbruket sitt kulturlandskap (slåtteareal, innmarksbeite, kystlynghei som vert beita eller eit historisk landbrukslandskap der bygningar o.a. kan inngå).

3) Det er berre det arealet som ved rydding aukar utsikt til landbruksareal frå vegen/stien som kan inngå i prosjektsøknaden.

4) Dersom arealet som vert rydda er egna for beiting, er det krav om at arealet vert beita minst tre år frå rydding. Dersom det skal beitast med andre sine dyr skal kopi av beiteavtale leggjast ved søknaden. Med "egna for beiting" meinest her at 1) Terrenget er egna for beitedyr, 2) Det er tilstrekkeleg fôrtilbod på arealet til aktuelle beitedyr, og 3) Området har ei naturleg inngjerding eller det er økonomisk forsvarleg å gjerde inn området. Dersom desse ein eller fleire av desse tre vilkåra ikkje er oppfylte, fell kravet til beiting vekk.

5) Det er berre kostnader med sjølve ryddinga som kan inngå i kostnadsoverslaget (ikkje innkjøp av utstyr, kursing eller liknande)

6) Med søknaden skal det fylgja ein plan for vedlikehaldet av arealet etter rydding

7) Søkjar må ha eit organisasjonsnummer

8) Søkjar må vera grunneigar av arealet som skal ryddast eller ha skriftleg løyve til rydding frå privat grunneigar, offentleg areal langs veg er frigjeve (kopi av eventuell grunneigaravtale skal leggjast ved søknaden)

 

Kva må søknaden innehalda:

1) Utfyllt søknadsskjema (inkluderer mellom anna kostnadsoverslag)

2) Bilde av arealet før rydding

3) Kart som syner kvar det skal ryddast (gjerne eitt oversiktskart der feltet er avmerka + eit nært kartutsnitt der arealet som skal ryddast er nøyaktig innteikna

4) Kopi av grunneigaravtale eller beiteavtale dersom det er aktuelt (sjå punkt 2 og 6 over)

5) Plan for vedlikehald av arealet etter rydding

 

Retningsgjevande timesatsar:

Dersom søkjar har fakturert andre for å utføra jobben eller deler av jobben, kan fakturerte utgifter leggjast til grunn. Viss ikkje opererer me med fylgjande rettleiande timesatsar:

- Manuelt arbeid utan reiskap (td kvistrydding): 300 kr/time

- Person med motorsag: 350 kr/time

- Person med traktor (og td vinsj): 500 kr/time

- Person med traktor med flishoggar: 750 kr/time

 

Timelister:

Det må førast timelister for arbeidet og kva type arbeid som vert utført. Tilskot vert utbetalt på bakgrunn av dette, men det kan maksimalt utbetalast 70% av endeleg godkjende utgifter, og maksimalt det beløpet som er førehandsløyvd i løyvingsbrevet. Det er berre sjølve ryddearbeidet som kan inngå i kostnadsoverslaget.

Dersom rydningsvirket skal nyttast som ved, kan alt ryddearbeidet med virket fram til veg takast med i kostnadsoverslaget (dvs felling, kvisting, kapping, kvistrydding og transport til veg), men vidare transport av virket kan ikkje takast med i kostnadsoverslaget.

 

Søknadsfrist, søknadsskjema og arbeidsfrist:

Ein søker til Fylkesmannen, men adresserer søknaden til Solund kommune, Plan og utvikling.

Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert handsama fortløpande. Grunna ferie vert søknadar ikkje handsama i juli.

Det vert i utgangspunktet sett 2 års arbeidsfrist for tiltaket, men den kan etter søknad forlengast med 1 år. Søknadsskjema finn de på fylkesmannen si heimeside der de og finn forskrift og retningslinjer for tilskotsordninga.

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 28.06.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering