Tilskotsordning til utsiktsrydding 2019

Klikk for stort bilete

Til dei som er interesserte i å rydda fram att utsikta til jordbruket sitt kulturlandskap i kommunen.

Sogn og Fjordane har ca 3 mill kr til fordeling på denne tilskotsordninga i 2019. Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vert handsama fortløpande.
Søknader som blei sende inn til Fylkesmannen etter innsendingsfristen i 2018 vil bli handsama no i 2019-omgagen.

Nye søknadar skal sendast til kommunen som gjev tilråding i samband med si oversending til Fylkesmannen som handsamar søknadane. Søknadane må vera innkomne til Fylkesmannen innan 1.oktober.

 

Av erfaring er det areal som det vert søkt produksjonstilskot for som vert rekna som kulturlandskap. Ei positiv overrasking at denne tilskotsordninga dukka oppatt. Den vart avvikla i 2018, men Sogn og Fjordane hadde ein rest på 3 millionar som no vert fordelt i 2019. Førstemann til mølla

Ta kontakt med landbruksansvarleg Kjartan Nyhammer på epost  dersom de treng hjelp med søknaden

De finn meir informasjon om tilskotsordninga, forskrift, retningslinjer, søknadsskjema og rettleiing til utfylling av søknad på fylkesmannen sine heimesider.

 

Fann du det du leitte etter?