Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og tilskot til drenering 2017

Møte mars 2013 101.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Gardbrukarar som driv landbruksproduksjon som stettar krava for produksjonstilskot kan søka på SMIL-midlar. Nytt av året er at dei som leiger ut areal til gardbrukaren også kan søka. Fylkesmannen løyver for 2017 kr 120 000 i SMIL-midlar og kr 50 000 til dreneringstiltak i Solund. Det er eigne søknadsskjema for ordningane.

Søknadsristen er 1. oktober 2017.

1 Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Informasjon, forskrift og søknadsskjema har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane lagt ut her.

  

Kommunestyret skal i komande møte handsama forslaget til «Tiltaksstrategiar i Solund i perioden 2017-2021 for SMIL-midlar». Formannskapet vedtok denne strategiplanen i slutten av august. Sjølv om ikkje kommunestyret har hatt planen til handsaming endå, lyser me ut midla med forbehald om endringar i kommunestyrevedtaket.  Tiltaksstrategien er tilrådd av formannskapet og skal opp i kommunestyret, sjå formannskapssak 051/17 og bla deg nedover til den aktuelle saka.

I strategiplanen er det forslag om denne målsettinga:

  • Ta vare på den verdfulle kystlyngheia -som kjenneteiknar Solund-, slåttemarka, slåttemyr og naturbeitemarka ved sviing, rydding, slått og beiting
  • Hydrotekniske tiltak som bidreg til å få kontoll på vatn på avvege
  • Hindra vidare spreiing av- og fjerna framande planter (svartelista planteartar)
  • Innan bygningsvernet skal ein prioritera heilskaplege bygningsmiljø og einskildbygningar med stor verdi for det samla kulturlandskapet.

Vidare er det forslag om desse tilskotssatsane:

Planlegging/tilretteleggingsprosjekt:                                                inntil                100 %

Tiltak i gamal kulturmark, verdfull kystlynghei, slåttemark                       

og naturbeitemark med høgt biologisk mangfald:                         inntil                   70%

Fjerna/hindra vidare spreiing av svartelista plantearter               inntil                   70%

Hydrotekniske tiltak:                                                                                  inntil                   50 % 

Restaurering av steingardar og bakkemurar og andre tiltak

i kulturlandskapet:                                                                                     inntil                    50 %

Bygningsvern *                                                                                            inntil                   15 %

* Til restaureringsprosjekt med høgt kostnadsoverslag, vil det kunne vera naudsynt å nytta ein lågare tilskotssats for å kunna prioritera prosjektet. Kulturminnefondet kan vera ei alternativ finansieringskjelde for bygningsvern.

 

 

2 Tilskot til drenering

Denne ordninga kan ein søka på når ein vil grøfta tidlegare grøfta eller planert innmarksareal. Planerte areal er frå 1. januar 2016 unnateke vilkåret om at arealet tidligere skal ha vore grøfta. Ein kan i år få kr 2000 per daa drenert areal.

Informasjon og søknadsskjema finn du her

Søknadane skal sendast til Solund kommune innan 1. oktober 2017.

Publisert av Marit Utvær. Sist endra 13.09.2017 av Marit Utvær
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering