Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Tilskot til kommunalt næringsfond 2020 i samband med korona

2008 - Klikk for stort bileteKommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 75,3 mill. kroner til kommunar i Vestland fylke som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet. Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 mill. kroner, og Hovudutval for næring vedtok i sak 46/2020 den 16.07.20 at Solund kommuine skulle få eit tilskot på kr. 530.594. 

KMD har utarbeidd «Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet» Her er nokre av hovudpunkta i forskrifta:

 Målgruppa er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. 

I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang

Alle tilskot etter reglane for offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no. Gjeldande satsar i reglane for bagatellmessig støtte og i det alminnelege gruppeunntaket skal følgjast.

KMD legg også til grunn delar av «Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler» skal gjelda. Her er nokre av hovudpunkta i forskrifta:

  1. Søknad om tilskot skal sendast gjennom regionalforvaltning.no
  2. Kommunen som forvaltar skal etablere rutinar for å sikre god internkontroll, samt føre tilsyn med at krav i forskrifter og tilskotsvedtak vert oppfylt.
  3. Feil forvalting og feil bruk av tilskotsmidlane kan medføre krav om tilbakebetaling frå departementet.
  4. Den ansvarlege forvaltaren skal rapporterer i tråd med rapporteringskrava i regionalforvaltning.no

Sjå elles den ordinære informasjonssida om næringsfond for meir informasjon om korleis du søkjer om næringsfondmidlar. Du søkjer om midlar på regionalforvaltning.no.