OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Tilbodet ved Hardbakke tannklinikk

Tannklinikken på Hardbakke er bemanna med tannlege, tannpleiar og tannhelsesekretær frå Hyllestad tannklinikk, og gjev i utgangspunket berre hjelp til prioriterte grupper.

Dei ynskjer no å tilby tannhelsetenester til personar i Solund som har vanskar med å komme seg til tannlege andre stader, då hovudsakleg eldre.

Målet er å bemanne tannklinikken ofte nok til at alle som verkeleg treng det får tilbodet, men desse personane vil komme sist i «køen», det vil seie etter dei prioriterte pasientane. Ein betaler då for tannhelsetenesta etter fastsette takstar

De finn informasjon om dei mest vanlege takstane for tannbehandling på Vestland fylkeskommune sine nettsider
 

Då det kan vere vanskeleg for tannklinikken å nå ut til dei som treng dei mest, tek dei gjerne imot ynskje om time på e-post til post.hyll@vlfk.no, eller per telefon til Hyllestad tannklinikk 57 78 86 22

 

Du kan lese meir om tilbodet ved Hardbakke tannklinikk her

Til toppen