Tilbod om influensavaksine til deg over 65 år

Klikk for stort bilete  No er årets influensavaksine komen. Du blir derfor invitert til å ta vaksine :

Kvar onsdag på Solund legekontor frå kl 09 -12 , gjeldande frå 16.oktober 2019

Dersom tidspunktet ikkje passar, kan du kontakte legekontoret for å få time til vaksinasjon.

Influensavaksine blir tilrådd til alle over 65 år og til personar med sjukdommar/tilstandar som gjer at dei ikkje toler influensasjukdom så godt.

  • Influensa kan føre til alvorlege komplikasjonar som
  • lungebetennelse
  • forverring av kroniske grunnsjukdommar
  • varig svekt helse

Det er vist at vaksinasjon reduserer risikoen for slike komplikasjonar. I tillegg er vaksinerte over 65 år mindre utsette for hjarteinfarkt og hjerneslag i influensasesongen enn dei som ikkje er vaksinerte.

I Noreg varer influensasesongen vanlegvis frå november til april. Du bør vaksinere deg i god tid for å ha eit så godt vern som mogleg.

For meir informasjon om influensa og kven andre som bør ta influensavaksine sjå  Folkehelseinstitutttet si heimeside eller snakk med fastlegen.