Til deg over 65 år – tilbod om influensavaksinasjon

Vaksinasjon - Klikk for stort bilete No er årets influensavaksine komen. Du som er over 65 år blir derfor invitert til kommunal vaksinasjonsdag utan timebestilling, alle onsdagar kl. 09.00-12.00 og 13.00-14.30.

Dersom tidspunktet ikkje passar, kan du kontakte legekontoret for å få time til vaksinasjon.

Influensavaksine blir tilrådd til alle over 65 år og til personar med sjukdommar/tilstandar som gjer at dei ikkje toler influensasjukdom så godt.

Influensa kan føre til alvorlege komplikasjonar som:

  • lungebetennelse
  • forverring av kroniske sjukdommar
  • varig svekt helse

Det er vist at vaksinasjon reduserer risikoen for slike komplikasjonar. I tillegg er vaksinerte over 65 år mindre utsette for hjarteinfarkt og hjerneslag i influensasesongen enn dei som ikkje er vaksinerte.

I Noreg varer influensasesongen vanlegvis frå november til april. Du bør vaksinere deg i god tid for å ha eit så godt vern som mogleg.

For meir informasjon om influensa og influensavaksine sjå www.fhi.no eller snakk med fastlegen.


Vennleg helsing

Solund legekontor

Fann du det du leitte etter?