OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Tid for endringar i kosthald og fysisk aktivitet?

Ynskjer familien din å gjere endringar i kosthald og fysisk aktivitet? Bli med på kurs

Frisklivssentralen vurderer å gjennomføre eit lågterskel livsstilskurs for familiar, med fokus på mellom anna

  • fysisk aktivitet i kvardagen
  • smart mat for god helse
  • tankens kraft og korleis ein oppnår endring til gode vaner

Kurset kan hjelpe deg å få meir kunnskap, inspirasjon og praktiske verktøy til å ta gode val i kvardagen. 

Kurset går over 4-5 kursdagar på ettermiddag/kveld, og vert halde av fysio- og ergoterapeut, treningsfysiolog og psykolog. 

Vi vil gjerne vite om det er interesse for eit slikt kurs før vi arbeider vidare.

Send gjerne ein heilt uforpliktande SMS til Ole Kristian Sund på telefon 459 74 003 innan 6. januar 2023 dersom du syns dette høyrest aktuelt ut for din familie!

Til toppen