Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Temavise høyringsmøte for regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion

Klikk for stort bileteVestland fylkeskommune inviterer til digitale høyringsmøte for Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion

Regional plan for vassforvaltning med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram er ute på høyring - med frist 30. juni 2021. Sjå informasjon om høyringa her.

Vestland fylkeskommune inviterer til ein serie regionale høyringsmøte knytt til vassforvaltningsplanen med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram. Det vert gitt ein presentasjon av innhaldet i planen knytt til ulike tema med moglegheit til å gi munnlege innspel til planen og stille spørsmål.

Det første møtet gir ein introduksjonen til planen med vektlegging av kunnskapsgrunnlaget, hovudutfordringar for vassmiljøet i Vestland og korleis betre dette. Dei andre møta er knytt til spesifikke tema i planen.

Det vert temamøte om fisk, avløp, landbruk, vasskraft, miljøgifter og akvakultur, i tillegg til introduksjonen. Høyringsmøta vil bli gjennomført i perioden 6. mai til 18. mai. Du kan melde deg på høyringsmøta her. På grunn av koronasituasjonen vert møta gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til dei som melder seg på.

Målgruppe

Frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, statlege etatar, interessentar, private, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.