Stortingsvalet 2017

valglogo_gull_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete

Måndag 11. september er det stortingsval i Noreg.

Norske statsborgar som er, eller har vore, folkeregistrert i Noreg har røysterett. Du må òg ha fylt 18 år innan utgangen av 2017.

Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøyste i perioden 01. juli til 08. september. Førehandsrøystinga er delt inn i tidelegrøysting (01. juli til 09. august) og ordinær førehandsrøysting (10. august til 08. september).

Tidelegrøysting er for dei personar som oppheld seg innanriks og som ikkje kan røyste i perioden for førehandsrøysting eller på valdagen.

I Solund kan du førehandsrøyste på kommunehuset kvardagar kl. 09.00-14.30. Du kan òg førehandsrøyste i andre kommunar.

Solund kommune vil i tillegg arrangere førehandsrøysting på følgjande stadar:

  • Kommunehuset på Solunddagen, laurdag 26. august
  • Båtruta frå Kolgrov til Utvær, tysdag 05. september (dersom det vert meldt interesse om dette seinast 31. august)
  • Solundheimen, onsdag 06. september
  • Båtruta i Nord-Solund, torsdag 07. september

I august vil det bli annonsert nøyaktige tider for desse førehandsrøystingane.

 

Ambulerande røysting

Sjuke og uføre kan søkje om å få røyste heime. Du kan søkje ved å:

  • sende brev til Solund kommune, 6924 Hardbakke
  • sende e-post til post@solund.kommune.no
  • ringe tlf. 57 78 62 00

Søknaden må ha kome inn til Solund kommune seinast onsdag 06. september.

 

Valdagen

Valdagen er måndag 11. september og då må du røyste i den kommune der du er manntalsført. Solund er delt inn i to krinsar, Hardbakke og Ytrøy, men du er ikkje nøydd til å røyste i din krins.

På valdagen kan du røyste på følgjande stadar og tider:

  • Hardbakke: Solund Grendahus, kl. 10.00-17.00
  • Ytrøy: Tidlegare Havsula barnehage, kl. 12.00-17.00

 

Hugs å ta med valkort og gyldig legitimasjon når du skal røyste, t.d. pass, førarkort eller liknande. Vi ber om at alle som skal røyste visar fram legitimasjon.

 

For meir informasjon, kontakt Solund kommune på tlf. 57 78 62 00 eller post@solund.kommune.no.

 

Valstyret i Solund ved leiar Gunn Åmdal Mongstad

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 05.07.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering