Stor aktivitet på kunstgrasbana

Etter mange år har innbyggjarane i Solund endeleg fått ei kunstgrasbane. Bana på Solund Idrettspark er allereie ein populær møteplass for folk i alle aldrar og det har skapt mykje positiv aktivitet i samfunnet. 

I 2005 vart det etablert ei grusbane i Storehaugen på Hardbakke. Seks år seinare tok Solund Idrettslag initiativ til å oppgradere bana til kunstgras. Det vart etablert ei prosjektgruppe med representantar frå både Solund kommune og Solund Idrettslag.

- Kommunen er eigar av kunstgrasbana og skal drifta anlegget, men vi hadde ikkje fått det på plass utan Solund Idrettslag og deira innsats. Det har vore eit veldig godt samarbeid mellom kommunen og Idrettslaget, seier Tor Arne Hauge i Solund kommune.

Total kostnad for kunstgrasbana og naudsynt sikringsarbeid vert om lag 5 millionar kroner. Anlegget er finansiert med 1/3 kommunale midlar, 1/3 spelemidlar og 1/3 gåvemidlar frå Solund Idrettslag.


Bana i god kvalitet

I juni 2017 vart kunstgrasbana endeleg ferdig og klar til bruk. Responsen frå innbyggjarane har vore positiv og det er tydleg at folk er stolte over bana. Solund er ein av dei siste kommunane i fylket som har fått kunstgrasbane.

- Eg syntes kunstgrasbana er utruleg bra og det er ein drøm som har blitt oppfylla for ungdommane og oss som har vekst opp her, seier Daniel Røed som er ein av dei som allereie har brukt bana mykje.

Fr.v. Rasmus Sörenstam, Daniel Røed og Mari Bahus. - Klikk for stort bileteFr.v. Rasmus Sörenstam, Daniel Røed og Mari Bahus.

 

Den nye kunstgrasbana er stor, 100x60 meter og ein kan spele både 7-er og 11-er fotball på den. I tillegg har bana god kvalitet.

- Kunstgrasbana er mykje betre enn forventa og ein kan faktisk samanlikne den med dei beste i fylket, utanom Fosshaugane Campus i Sogndal som er i ei eiga divisjon, fortel Daniel.

Ofte spørs det litt på været om folk vil spele fotball eller ikkje, men det går heilt fint å spele også om det regnar.

- Uansett om det regnar eller ikkje kjem nok folk til å bruke bana, og det er faktisk betre når det er litt vått fordi da er det betre å takle, seier Daniel med eit smil.


Allereie mykje i bruk

Fotball er ein sport som interessere mange av innbyggjarane i kommunen, spesielt dei yngre. Bana blir brukt nesten heile tida og det er ein plass ein møtast for å ha det kjekt i lag.

- Eg pleier å bruke bana 2-4 gongar i veka og enkelt sagt syntes eg bana er perfekt. Eg er og med på old boys treningane, og på uorganisert treningar spelar eg som oftast ilag med 02-98, seier Rasmus Odéen Sörenstam (15 år) som er ein av ungdommane som har brukt bana mykje i sommar.

Kunstgrasbana - Klikk for stort bilete I sommar har old boys laget hatt treningar onsdagar og søndagar og til hausten vil Solund Idrettslag starta opp med ungdomstreninga igjen. I framtida vil det såleis vere mykje aktivitet på bana.

- Da beste med bana er at visst vi blir nok folk som spele fotball i puljane, så kan vi starte lag og spele i serie, seier Rasmus.

I tillegg til Idrettslaget vil mest sannsynlig grunnskulen også bruke bana mykje. I tillegg er kunstgrasbana ein del av ei større statsing på området rundt Solund Idrettspark. Der finst òg ein 18-hols discgolfbane, skatepark og friluftsområdet Draumeplassen er under utvikling. I 2018 skal det dessutan bli bygd ein klatrepark.

- Det skjer mykje spanande rundt Idrettsparken no og eg er veldig fornøgd med at vi har fått bana på plass. Det er noko eg har venta på lenge og eg trur at folk som ikkje spelar fotball til vanleg òg kjem til å bruke den ein god del. Tidlegare har vi mest brukt ballbingen til fotball, men framover vil det bli meir på kunstgrasbana, seier Mari Bahus (15 år).


Ynskjer seg klubbhus

I sommar har det vert mange uorganiserte fotballtreningar som folk har vert med på. Det er masse som er bra med bana og folk er storfornøgd med den.

- Bana er heilt perfekt, men om det er noko som manglar så er det ein plass vi kan stå under tak når det regner og legge frå oss tinga våre, seier Rasmus.

Og Daniel er einig.

- Ja, det einaste som manglar er å få realisert klubbhus-prosjektet slik at ein kan få tilgang på garderobe og toalett, seier Daniel.

Solund kommune og Solund Idrettslag har utarbeidd teikningar på eit klubbhus og fyrste byggetrinn, der ein skal bygge lagerlokal og toalett, startar opp i løpet av 2017.

Uansett er det fantastisk at innbyggjarane i ei lita kommune som Solund har tilgang til ei flott kunstgrasbane, og saman med dei ulike anlegga rundt Idrettsparken får innbyggjarane i Solund no også tilgang til nye, flotte fritidsaktivitetar.

- Det beste med bana er at det blir auka fysisk aktivitet, og det er bra for både ungdomar og vaksne, avsluttar Daniel.

 

Tekst: Kayana Sivapalan (sommarjobbar 13-17 år)

Bilete: Mark Elvevåg

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 01.09.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering