OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Solundprisen for 2022 går til Barstein AS

Ordførar og prisvinnarar - Klikk for stort bilete Trond Sæbø Skarpeteig  Årets Solundpris vart delt ut på Solunddagane. 

Juryen si grunngjeving er som fylgjer:

Vinnar av årets Solundpris har vist særskilt evne til nyskaping og utvikling av eksisterande verksemd. Bedrifta har med sin eksistens bidrege til positiv utvikling av lokalsamfunnet og utnytting av lokale resursar og føremoner. Bedrifta er flink til å promotere Solund og sette kommunen på kartet. Bedrifta må reknast som ei familiebedrift, grunnlage vart lagt tidleg på åttitalet av då framstormande ungdommar. Dei har heile tida sett framover, sett muligheitene, stadig fornya seg og på den måten vist veg for andre. Neste generasjon har no meir eller mindre teke over og satsar friskt med nybygg som snart blir levert.

Juryen har i år bestått av Julie Vårdal Heggøy, Idar Vaulen og Rolf Eide. Juryen vil takke for gode innspel til Solundprisen, det var mange sterke og verdige kandidatar å velje mellom. 

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad delte ut prisen. Tom Færøy og Hans Gåsvær tok imot prisen på vegne av Barstein AS. 

Solundprisen er oppretta av Solund kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Solund og Solund Næringssamskipnad, og er ein kombinasjon av ein gjenstand og ein pengesum til ein verdi av 15.000 kr.

Du kan lese meir om Solundprisen og om tidlegare vinnarar på Solund kommune si heimeside. Lenke til Solundprisen

Til toppen