Solund ungdomsråd sin tale ved minnestøtta på 17.mai 2015.

Klikk for stort bileteUngdommar rundt minnestøtta 17.mai 2015 Tor Arne Hauge

Sofie Steinsund og Åsmund Røed frå Solund ungdomsråd holdt tale og la ned krans ved minnestøtta over dei falne frå Solund under 2.verdenskrig. Talen tar for seg viktige og gode tema som vitnar om reflekterte og opplyste ungdomar. Vi er glade for å kunne printe talane her på heimesida vår.

 

 

Kjære bydefolk, gratulere med dagen!

 

Når vi står her i dag er det 70 år sidan 2.verdenskrig tok slutt. For oss som berre er 15 år verkar dette å vere svært lenge sidan, og det er så lett og tenkje at personane bak namna på støtta og var gamle. Men når vi ser på fødsels åra deira så ser vi at dei fleste var i 20 åra.

 

Det virkar heilt uverkeleg i dag, at ungdommar som var 6-7 år eldre enn oss reiste ut og kjempa for landet. Dei gav mest dyrebare dei hadde, nemleg livet. Alt for at vi som kom etterpå skulle få leve opp i dette fine og utruleg flotte landet. Men å ta freden for sjølvsagt må vi ikkje gjere, sjølv om det er lett når vi har det så godt på alle vis. Vi kan berre sjå rundt oss i verda og høyre nyheitene så ser vi kor tragisk kvardagen er for folk mange stader.

 

I firda 8. Mai sto det ein strek artikkel. Ein mann, i dag 76 år beskriv korleis han som 6 åring var med mor si for og hente vatn i bekken. Den låg 100 meter frå huset. Der får vi fyrste ulikskapen til vår tid, nemleg og bære vatn 100 meter til huset. Då mora snudde seg etter å fylt bøttene, sette ho i et rop og vass byttene for i bakken. Då såg ho at eine naboen heiv opp det norske flagget. Ho la på sprang med guten i hælane for og varsle alle om denne utrulege hendinga.

 

For ei glede folk måtte føle. Eg trur knapt at vi, som har det så godt kan førestille oss den gleda dei følte. Men i mange fam. var det og ei tung sorg. Nemleg over dei som ALDRI kom heim att.

Sofie Steinsund

 

Å vere ungdom på 1940-talet, og å vere ungdom no, er to heilt forskjellige ting.
For eksempel når dei var konfirmerte vart dei rekna som vaksne og måtte ut i arbeidslivet. Medan no: set vi ungdomar heime og uroar oss over kor mange "likes" vi får på eit profilbilde.

Eg vil stoppe opp med ordet UNGDOM og seie litt om kvar av bokstavane i det ordet.

U - Utdanning
Eg, som ungdom i dag, veit at eg kan velje den utdanninga som eg ønskjer og har evne til. Grunnen for dette er nokon har kjempa for friheit, velferd og like rettighetar for alle.

 

N - Noreg
Noreg er ein av dei beste landa å bu i. Oljen bidrog mykje til velferdsstaten og har hatt stor påverknad på dette.
Men, om det ikkje hadde vore for dei som kjempa under 2. verdskrig er det ikkje sikkert at Noreg hadde eksistert i dag. Noreg er eit godt og fredfylt land.

 

G - Glede
Eg kan glede meg over små ting i kvardagen, som mange andre ikkje kan, fordi dei har mykje større og vanskeleg ting dei tenkjer på. Til dømes krig og uro.
Eg kan glede meg over at når eg går på skulen om morgonen, veit eg at eg kjem trygt heim igjen når skuledagen er over. Og eg veit at foreldra mine ventar på meg.

 

D - Demokrati
Vi er så heldige her i Noreg at vi kan vere med å bestemme kva som skal skje i landet. Sidan eg er under 18 år får ikkje eg vere med å stemme når det er val.
Men, likevel, vi som er med i ungdomsrådet har høve til å vere med og påverke ting som skjer i Solund. Det er viktig at ungdom brukar denne mogelegheita.

 

O - Okkupasjon
Noreg var okkupert i fem år, og mange frå Solund flykta over havet for å vere med og kjempe for friheita.
Også i dag er det mange menneskjer som er på flukt i verda og som er på leit etter tryggleik og fridom. Solund kommunestyret har bestemt at vi skal ta i mot 26 flykningar over nokre år. Dette er å vere medmenneske i praksis.

 

M - Modig
Den siste bokstaven M knyttar eg til modig. Modige sulingar som reiste i frå familie og venar utan å vite om dei kom heim igjen.
21 av dei mista livet. Og, vi ærar dei ved å leggje ned krans her i dag.

Åsmund Røed