Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Solund kommune tek i bruk ny norsk app på helsestasjonen.

Klikk for stort bilete «Helseoversikt» er  ein ny norsk og gratis app som er utvikla i tett samarbeid med helsepersonell. No kan gravide og småbarnsforeldre få trygge svar samla på ein stad.  

Her finn du helseråd frå  rette kjelder og nyttige verktøy gjennom heile svangerskapet og i småbarnsfasen.  I tillegg finn du gjeremål, timeavtalar, og mange nyttige videokurs. 

I appen vil ein óg finne informasjon om tilbodet frå helsestasjon i Solund.

 

Appen er i stadig utvikling og det vil kome stadig nye funksjonalitetar med formål om å gje gravide og småbarnsforeldre i Solund ein tryggare og enklare kvardag.

 

Last ned appen i dag ved søke Helseoversikt i AppStore eller Google Play.