Solund kommune har for tida gjennomgang av gamle næringsfondsaker

Kommunevåpen Solund kommune - Klikk for stort bilete

Solund kommune har for tida ein gjennomgang av gamle næringsfondsaker, og ser på kva prosjekt som er ferdige og ikkje. Det er ein del næringsfondprosjekt der det ikkje er sendt inn rekneskap, sluttrapport og kravd sluttutbetaling på, og det difor står att ikkje utbetalte midlar på. Solund kommune ynskjer å få ei avslutting på desse for å frigjere midlar til nye søknader. 

Solund kommune vurderer det som viktig å finne ut kva midlar som er disponible i kommunalt næringsfond, og få avslutta gamle saker, sidan det ikkje kjem meir tilføringar til kommunalt næringsfond. Det vil frigjere ein del midlar til nye søknader. Administrasjonen har difor fått fullmakt frå formannskapet til å gje endelege fristar for rekneskap og sluttrapport, og avslutte eldre næringsfondsaker. 

Førebels vert det teke ein gjennomgang av sakene i perioden 2008 - 2015, men det vil bli teke ein gjennomgang av næringsfondsakene for perioden frå 2016 og framover før sommaren. Summane som er løyvd, men ikkje utbetalt er frå om lag kr. 1.500 og opp til kr. 100.000. Dei det gjeld vil få eit eige brev om dette. 

Lenke til formannskapssak 017/22 Fullmakt til å avslutte eldre næringsfondsaker