Solund kommune digitaliserer utsending av faktura

Solund kommune - Klikk for stort bilete  Solund kommune er i ferd med å gjennomgå tenestene sine med sikte på auka bruk av digitale verktøy. Dette vert gjort for å effektivisere og å redusere kostnader. Med start 17. oktober 2018 vil vi sende ut fakturaer digitalt til kundar. Faktura-blankettane endrar då utsjånad og har m.a. ikkje giro-del nedst.

Den nye løysinga medfører at du no kan velje mellom fleire måtar å motta fakturaer frå Solund kommune på.

 

Avtalegiro
For å opprette avtalegiro må du kontakte banken din. Hvis du allereie har ein avtalegiro treng du ikkje å gjere noko. Du vil då fortsetje å motta fakturaer som avtalegiro som tidlegare.

 

E-faktura

Du kan opprette avtale i nettbanken din, t.d. når du betaler ein faktura til kommunen. Hvis du allereie har e-faktura-avtale med Solund kommune treng du ikkje å gjere noko. Du vil då fortsetje å motta fakturaer som e-faktura som tidlegare.

 

Digital postkasse (Digipost / eBoks)

Dersom du vel å få fakturaer sendt til din digitale postkasse vil du alltid få ei melding på e-post og/eller sms om at du har ein faktura som ventar. Du må sjølv logge deg inn i din digitale postkasse og sjå fakturaen og betale den på vanleg måte i banken. Informasjon om korleis du opprettar ein digital postkasse finn du her.

 

E-post

Dette føreset at kommunen har e-postadressa di. Ynskjer du fakturaen tilsendt på e-post må du såleis sende e-postadressa di til kommunen.

 

Brevpost

Dersom du ikkje nyttar nokon av alternativa over vil du få fakturaen som brevpost. Vi finn adressa di i folkeregisteret, så du treng ikkje å gjere noko for å få fakturaer med brevpost.

 

Vipps

På litt sikt ynskjer vi óg å tilby betaling med Vipps faktura. Dette kjem vi med meir informasjon om når det vert teke i bruk.

 

Viktig om brevgiro

Dei nye fakturaene kan ikkje nyttast for betaling via brevgiro. Om du betaler via brevgiro må du nytte ein tom bankgiroblankett, fylle ut naudsynt informasjon som du finn på den tilsende fakturaen, og deretter nytte den ferdig utfylte bankgiroblanketten til betaling via brevgiro. Slike tomme bankgiroblanketter kan du få i banken din eller på kommunehuset. På kommunehuset kan du óg få hjelp til utfylling av tomme bankgiroblankettar.

Informasjon som må fyllast ut på den tomme fakturablanketten er: 

  • Beløp
  • Betalaren sitt bankkontonummer
  • Betalt av
  • Betalt til
  • Kundeidentifikasjon (KID)
  • Kroner og øre
  • Til konto

 

Faktura som vert sendt til forretningsførar / andre mottakarar enn deg sjølv

Har du i dag ein forretningsfører som mottek faktura på vegne av deg, eller du har annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformene overstyre dei som mottakarar hvis kunden er registrert med personnummer. Då vert fakturaen sendt til kunden i staden for “annan mottakar”. Vi anbefaler difor dykk som har “annan mottakar” til å ikkje inngå avtale om digital postkasse.

 

Her kan du sjå ein video som forklarer digital faktura for deg

Fann du det du leitte etter?