Søk støtte til tiltak mot marin forsøpling

Bilete teke i Solund våren 2017 - Klikk for stort bileteBilete teke i Solund våren 2017

Søppel - spesielt plastprodukt - frå inn- og utland driv i land og samlar seg i viker og på strender ytst i kommunen. Dette er stygt å sjå på og til ulempe både for folk som ferdast og sauer som beitar.

Gardbrukarar, lokallag av bondelag og sau- og geit, frivillige organisasjonar, foreiningar, ideelle stiftingar og andre private og offentlege føretak kan søka om støtte til å fjerna søppelet. Miljødirektoratet sette av 35 mill. kroner no i vår i håp om at strender og vikar kan bli rydda.

Nedste søknadssum er 250 000 kroner; det vil demed vera praktisk at fleire går i lag om ein søknad. Ein organsasjon/person må likevel stå som ansvarleg.

Informasjon om ordninga og søknadssenter finn du her.

Søknaden skal sendast til Miljødirektoratet innan 16. mars 2017.

For mindre ryddeprosjekt kan ein søka refusjonsordninga for handtering av «herreløst marint avfall» i regi av "Hold Norge Rent": http://holdnorgerent.no/refusjonsordningen/.

I tillegg kan du ta kontakt med NGIR. Dei har ei ordning slik at du får levert maritimt avfall gratis. Du får eigne sekkar og hanskar til strandryddinga hos dei. Kontakt dei på e-post post@ngir.no

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 09.03.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering