Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Skatteoppkrevjaroppgåvene vert overført til Skatteetaten

Klikk for stort bilete

Frå 1. november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene frå kommunen.
Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen. Du må difor frå 2.november 2020 kontakte Skatteetaten for spørsmål om skatteoppkrevjaroppgåvene.  

Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er mellom anna:

  • behandling av restskatt 
  • skattepengar til gode
  • tilleggsforskot
  • forskotstrekk
  • arbeidsgjeveravgift
  • motregning og utleggstrekk knytta til skattekrav
  • skatteattestar
  • konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Dersom du har ei sak under behandling hjå Solund skatteoppkrevjarkontor, vert denne overført til Skatteetaten. Du vil få tildelt ny sakshandsamar/kontaktperson.

Kommunane har framleis ansvar for innkrevjing av kommunale krav.

Slik kontaktar du skatteetaten:

Du finn mer informasjon på Skatteetaten sine nettsider. Her kan du finne svar på mange spørsmål og mogelegheit for å sende inn spørsmål, søknader, bestilling av utskrifter, klager m.m via nett.

Treng du meir hjelp, kan du kontakte Skatteetaten på telefon 800 80 000.

Postadressa til Skatteetaten er:
Skatteetaten
Pb 9200 Grønland
0134 Oslo

Publikumsrettleiinga ved skattekontora er no på grunn av koronasituasjonen berre tilgjengeleg for tilfelle der det er nødvendig med personleg oppmøte. Spørsmål om skatteoppkrevaroppgåver vert henvist til skatteetaten.no eller telefon.