Siste kommunestyremøte for Askeland

16. juni blei administrasjonssjef i Solund kommune Erik Askeland takka for langt og godt samarbeid av ordførar Gunn Åmdal Mongstad på vegne av heile Solund kommunestyre. 

Det er 12 år sidan Askeland vart lokka frå ein svensk storby og ei stor privat verksemd, til Solund. 

Ordføraren skildra Askeland som engasjert, ærleg, lojal for dei vedtak som blir fatta, og ein som alltid hatt god oversikt over det som rører seg. 

Du er vel ikkje den som har pryda forsidene i lokalavisa, men har vore lyttande og god å drøfte saker med, sa ordføraren. Det er ein krevjande men spennande jobb å leie ein organisasjon med så ulike fagfelt og profesjonar. Erik har evna å setje seg inn i dei ulike problemstillingane og har vore løysingsorientert. Det har i Erik sin periode vore ro og stabilitet, sa Gunn Åmdal Mongstad.

Solund kommune er glade for at vi framleis kan gjere oss nytte av kompetansen til Askeland ei stund til, sjølv om det vil komma ny skipper på skuta. 

Askeland takka for helsinga, og peikte på at den største endringa i 12-årsperioden må vera at kommuneøkonomien er vesentleg betre enn då han byrja. No håpar han også å få meir tid til å vera bestefar.