Personvernombod for 10 kommunar

Personvernombod - Klikk for stort bilete

Personvernombodet skal jobbe for at personvernet til tilsette og innbyggarane vert behandla på ein god måte i tråd med norsk lovgjevnad og EU sin personvernforordning (GDPR).

 

 

 

 

 

Kommunane i Ytre Sogn og Sunnfjord har valt å samarbeide om personvernombod. Felles personvernombod for kommunane: Askvoll, Hyllestad, Høyanger, Gaular, Gulen, Fjaler, Førde, Jølster, Naustdal og Solund er tilsett i SYSIKT med arbeidsstad på kommunehuset på Skei i Jølster.

Kontaktinformasjon
Personvernombodet
Carl Nyborg-Christensen
Jølster kommune
Ospene 1
6843 Skei i Jølster

Telefon 95 20 10 04 / 576 12 605
e-post: personvernombod@sysikt.no

Obs! Ikkje send sensitive personopplysningar på e-post.

 

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal blant anna bidra til at verksemda:

  • Informerer om kva personopplysningar som vert samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysningane som vert behandla.
  • Gje innsyn til den opplysningane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
  • Ber om samtykke frå dei som det vert henta opplysningar frå før opplysningane vert behandla.
  • Beskyttar informasjonen slik at den ikkje kjem på avvege.
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar av desse.
  • Slettar personopplysningar når det ikkje lenger er behov for desse.

Eit personvernombod er ein ressursperson som styrkjer kommunane sin kompetanse om personvern. Personvernombodet rådgjev verksemda slik at personopplysningar vert behandla på ein god måte og i tråd med regelverket.

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, til dømes internkontroll og informasjonstryggleik. Dette inneber alt frå handtering av spørsmål om innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og kva vi gjer om personopplysningar kjem på avvege.

 

Teieplikt

Personvernombodet har teieplikt, og kan ikkje få instruksjonar direkte frå kommunen sin leiing.

Du kan og finne meir informasjon om personvernombod på Datatilsynet sine heimesider.

Fann du det du leitte etter?