Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Parkering i området ved Solund Idrettspark

Klikk for stort bileteDet pågår for tida anleggsarbeid ved idrettsbana i samband med at idrettshuset vert bygd. Det er difor ikkje høve til å parkere verken ved idrettsbana/ klatreparken, på parkeringsplassen nedanfor idrettsbana eller langs grusvegen frå hovudvegen og opp til idrettsbana. Parkering på desse stadane skapar problem for anleggsarbeidet. Det vert oppmoda om at lokalbefolkninga ikkje brukar bil, eller finn ein annan stad å parkere i samband med aktivitet i dette området. Dette gjeld så lenge anleggsarbeidet pågår, og så vil det bli gode parkeringsforhold når anleggsarbeidet er ferdig.