Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Oppstart av vegen Eide - Kråkenes

Klikk for stort bileteArbeidet med bygging av vegen Eide Kråkenes vart oppstarta 22 mai.

Vegen har ei samla lende på 4,1 km og er finansiert i samarbeid mellom Sulefisk AS, oppsitjarar på Kråkenes og Solund kommune. Grunneigarane har gjeve gratis veggrunn til anlegget.

Entreprenør for anlegget er Ottar Dvergsdal AS. Vegen vert bygt som kommunal veg og skal kunne takast i bruk i november 2020.