Koronaviruset - Covid 19

Her finn du informasjon om nye nasjonale tiltak og informasjon om vaksinering.

Sjå óg kommunen si samleside om Korona

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Oppdatering om dekningsprosjekt

Solund kommune har eit pågåande samarbeidsprosjekt med Telenor for  å betre mobildekninga i kommunen. Utbetringa av dekninga på Krakhella var første del av dette prosjektet, men det vert arbeidd vidare med 6 andre prosjekt i alle delar av kommunen.

Desse er:

  • Klovedalsheia aust for Skarnagel
  • Øykefjellet vest for Dumbefjorden
  • Leknessundet
  • Storehaugen aust for Avløyp
  • Gygra aust for Rånestraumen
  • Dynga mellom Trovåg og Kverhella

Det er forventa ferdigstilling på prosjekta i løpet av 2022. Mastene på Dynga og Gygra vil truleg vere på plass før sommaren.
I Leksesund arbeider ein no med ny lokalisering av mast, då den opprinnelege plasseringa viste seg å ikkje kunne realiserast. Dette kan medføre noko utsetjing.