OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Opning av Solund Treningssenter

Solund kommune opnar opp for påmelding til Solund Treningssenter.

Opningsdato: 02. august 2022.

Solund treningssenter består av eit moderne trimrom med trimutstyr av studiokvalitet. Trimrommet er berekna for alle som ynskjer å trene og vere i fysisk aktivitet i Solund. 

Treningssenteret opnar offisielt 02. august men kommunen tek atterhald om at treningssenteret kan bli stengt i kortare periodar på dagtid i samband med ferdigstilling av bygget.

 

Informasjon knytt til teikning av medlemskap

Kontigentprisar Solund Treningssenter
Kategori Pris 6 mnd. Korttidsavtale
Vaksen Kr 1300,- Kr 300,-
Ungdom/Student Kr 400,- Kr 90,-
Ytterlegare informasjon Solund Treningssenter
Ytterlegare informasjon
Aldersgrense: 16 år
Barn 13 - 15 år går gratis ved følge av vaksen
Opningstider Kl. 05.00 - 24.00 kvar dag
For utdeling av nøkkelkort betalast Kr 100,- i depositum

 

Medlemskapen gjeld 6 månadar om gangen.

Korttidsavtale gjeld for ein månad. Dersom ein ynskjer ein lengre avtale må ein teikne ordinært medlemsskap.

Fyll ut det elektroniske skjemaet på heimesida eller møt opp på kommunehuset om du treng hjelp. Ta med skjemaet til servicekontoret så vi får registrert deg. Det er enda litt usikkert om nøkkelkortsystemet er oppe og går når treningssenteret opnar. Det vil i så fall bli lagt ut nøkkel i ein nøkkelboks utanfor trimrommet på treningssenteret som ein mellombels løysing. Meir informasjon kjem seinare.

 

Påmeldingskjema finn du her

Skjemaet må skrivast ut og signerast.

Til toppen