Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Ope møte om reiseliv sommarsesongen 2021

Klikk for stort bilete Solund kommune inviterer til ope møte om reiseliv sommarsesongen 2021 onsdag 2. juni kl 17:00. Møtet vert på Teams og er ope for alle.

Meld gjerne inn spørsmål på førehand om det er noko konkret du vil ha svar på til Trond Sæbø Skarpeteig Trond.Saebo.Skarpeteig@solund.kommune.no.

Førebels sakliste:

  1. Kva vi kan forventa denne sesongen v/Klar Bedrift AS og Visit Fjordkysten.
  2. Informasjon om gjesteham og turistinformasjon frå kommunen
  3. 2 minutts presentasjonar - ordet fritt
    1. Informasjon om overnatting og camping
    2. Informasjon om aktivitetar - nye og gamle
  4. Korleis tek vi imot reisande?
  5. Smittevern og verksemdene sitt ansvar
  6. Andre saker?


Møtet skjer samarbeid med Visit Fjordkysten og Klar Bedrift AS. Påmelding på e-post til  Trond.Saebo.Skarpeteig@solund.kommune.no.

 

Kontaktperson:
Trond Sæbø Skarpeteig, leiar samfunns- og næringsutvikling, Solund kommune
Telefon: 900 58 182