Område sentralt på Hardbakke til sals

Solund kommune ynskjer å selje eit område sør for kommunehuset. Området er omlag 900 m2 og ligg vestvendt til i kupert og bratt terreng. Området er taksert og marknadsverdien er sett til kr 180 000,-.

Solund kommunestyre gjorde fylgjande vedtak i ksak 004/17:

Solund kommunestyre ber administrasjonen om å få utarbeidd takst for eit område sør for kommunehuset. Etter at takst er sett skal det kunngjerast at området vert lagt ut for sal med klausul om regulering av området.

Solund formannskap tek seinare stilling til kven som eventuelt får kjøpe området basert på planar for området.

For meir informasjon sjå takstdokument (PDF, 2 MB)og kopi av kommunestyresak 004/17.

 

Ynskjer du å kjøpe og er interessert i å vere med og utvikle området sender du ditt bod og dine planar pr post innan 12.mai 2018 til:

Solund kommune, Kommunehuset, 6924 Hardbakke 

Merk sendinga tydeleg med:   Tilbod og planar for sentrumsareal på Hardbakke.

 

Ta kontakt med rådgjevar Tor Arne Hauge på tor.arne.hauge@solund.kommune.no eller tlf 90 19 24 71 om du har spørsmål.

Fann du det du leitte etter?