Offentleg ettersyn - etablering av ny oppdrettslokalitet ved Blåseberget aust for Kråkevågen i Solund

Eide Fjordbruk AS søkjer om løyve til etablering av anlegg for produksjon av matfisk av laks, aure og regnbogeaure på ny lokalitet ved Blåseberget aust for Kråkevågen i Solund.

Lokaliteten ligg innanfor eit område avsett til akvakultur i gjeldande kommuneplan for Solund kommune 2008-2020.

Planlagt årsproduksjon på lokaliteten er omlag 2500 tonn i snitt pr år.

Søknaden med tilhøyrande dokument finn du her.

Søknaden med tilhøyrande dokument er utlagd til offentleg ettersyn på kommunehuset på Hardbakke og på heimesida til kommunen, www.solund.kommune.no

 

Merknader til søknaden setjast fram skriftleg innan 25.05.2018 til Solund kommune, Kommunehuset, 6924 Hardbakke eller på epost til post@solund.kommune.no .

Fann du det du leitte etter?
Administrasjonssjef
  • Tlf: 57 78 62 05
  • Mob: 97 53 44 79
  • E-post: