Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 

Nytt frå Solund Helsetun

Klikk for stort bileteNy inngangsdør:

Det er rart at ein kan bli så glad for ei dør, men denne døra har vi venta på lenge.

Solund helsetun har fått ny ytterdør i underetasjen. Denne døra leiar deg til dømes  direkte til fysioterapeutane  og kan også nyttast til å nå kapellet.

Du vil no lettare kome deg inn døra med til dømes rullator eller rullestol.

Klikk for stort bileteNye syklar:

Dersom du ser nokre spesielle syklar i området rundt Solund helsetun så er det fordi tilsette øver seg på å sykle med passasjer.

Statsforvaltaren har gitt oss midlar til å kjøpe elektriske syklar der vi kan ta med ein eller to personar framme.

Det er ein eigen teknikk å sykle desse syklane, så før vi tek med oss eldre på tur må vi øve.