Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Besøksrutinar ved Solundheimen frå 23.09.2020

Klikk for stort bilete

Besøkstider ved Solundheimen er måndag til fredag frå kl 16-18, laurdag og søndag frå kl 11-13.

Fylgjande retningsliner gjeld:

Besøk må avtalast på førehand på telefon 57 78 62 50, velg avdeling for avtale.

Sjukepleier på vakt vil gjennomføre kartlegging i forkant av besøk.

Kvar einskild pasient kan berre ha besøk av 1 pårørande om gongen og besøk må foregå på pasientrom eller ute.

Besøket kan føregå innafor besøkstidene og kan dermed vare i to timar.

Munnbind er ikkje naudsynt, då sjukepleiaren si kartlegging avdekker om du kan komme på besøk.



Minner óg om at det framleis er høve til å ta kontakt med dine pårørande via nettbrett.