Ny kommunedirektør

Solund kommunestyre vedtok i møte 5. mai 2022 å tilby Jens-Eivind Kobbeltvedt stillinga som kommunedirektør i Solund.

Jens-Eivind Kobbeltvedt er busett på Sotra og er i dag tilsett i ABB der han har hatt ulike ansvarsområde i 22 år. Han er 61 år og utdanna ingeniør med tilleggsutdanning innan økonomi og leiing.

Med den erfaringa, kompetanse og personlege eigenskapar som Jens-Eivind Kobbeltvedt har, meiner kommunestyret at han vil bli ein god kommunedirektør som vil kunne leie den kommunale organisasjonen på ein god måte og kunne tilføre kommunen viktig kompetanse som kan supplere den breie erfaringa som finst her frå før.