Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du siste nytt, informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Ny faktura for eigedomsskatt/kommunale avgifter 1. termin 2020 sendt ut

Klikk for stort bileteNy faktura med rette terminbeløp og forfall 13.07.2020 er no sendt ut.

Er den førre fakturaen allereie betalt vil vi sende pengane i retur

Solund kommune kom i skade for å sende ut feil faktura på eigedomsskatt og kommunale avgifter ved fyrste terminkøyringa. Alle desse fakturane er no sletta i vårt system.

De kan difor kaste den fakturaen de har fått med forfall 30.06.2020. For dei av dykk som mottek e-faktura, hugs å slette den i nettbanken din.
 

Avtalegiroar blir óg sletta og nye med korrigert beløp vert laga

Vi seier oss leie for det som har skjedd og det bryderiet de har fått som fylgje av dette.
Ver snill og meld frå dersom noko framleis er feil. Ved spørsmål, ta kontakt med:

Solund kommune
Eigedomsskatt v/Kjell Mongstad
Tlf 908 31 711
eigedomsskatt@solund.kommune.no