Notat frå "Kva skjer i Solund" 1. november 2021

Kva skjer i Solund vart arrangert på Skafferiet på Hardbakke 1. november 2021. Det møtte omlag 45 personar som fekk informasjon og gode diskusjonar om ymse.

 

Program:

  • Klar bedrift AS ved Dagleg leiar Veronica Haveland orienterte om tenestene deira. Klar Bedrift skal letta arbeidet med innovasjon og verdiskaping for både nye og eksisterande bedrifter og legge til rette for ein unik kultur for nyskaping i regionen. Til stades var også forretnings-utviklarane Arve Vange, Mette Cathrine Nordås og Tom Erling Bahus. Les meir på https://www.klarbedrift.no/
  • Marie Lending frå Lending Rederi fortalde om utviklinga i Lending rederi. Les meir på https://www.lendingrederi.no/
  • Trond Sæbø Skarpeteig som er leiar for samfunns- og næringsutvikling orienterte om ymse frå Solund kommune:
  • Ny skule: Planen er at det vert lagt ut nytt konkurransegrunnlag i november 2021.
  • Bustadutvikling: Første tomt i det nye bustadfeltet Klubben er selt. Kommunen vurderer no anbod som er kome inn for å føra opp bustad(ar) i Klubben. Kommunen har fått pris på opparbeiding av infrastruktur for dei fire tomtane øvst i Storehaugen og arbeidet vil starte i november 2021. 
  • Status framdrift bru over Ytre Steinsund: Det er gjennomført arkeologiske undersøkingar, og det er venta ein offentleg rapport. Fylkeskommunen har tilsett byggjeleiar og prosjektleiar. Prosjektleiinga skal i første omgang arbeida frå Førde. Det er forventa anleggsstart 1. halvår 2022.
  • Kommunen har fått 3,2 millionar over tre år i stønad frå Vestland fylkeskommune til eit program for ungdom. Målet er at ungdommane skal oppleve at Solund er ein stad som prioriterer ungdommane og framtida deira. Kommunen vil invitera unge frå 13 år og oppover til å utforma tiltak som auka kjensla av livsmeistring og deltaking som borgarar/innbyggjarar i både arbeidsliv og organisasjonsliv. Kontaktperson er folkehelsekoordinator Mona Hjønnevåg.
  • Kommunestyret gjorde 21. oktober 2021 vedtak om å senda andre utkast til arealdel i kommuneplanen til offentleg høyring. Saka er under sluttføring i administrasjonen. Følg med på kommunen sine nettsider. Frist for å kommentere planen er sett til 15. desember 2021.
  • Det er sett i gang arbeid med å klargjere området aust for Solund barne- og ungdomsskule (tikroningen) til riggområde for nytt skulebygg, og framtidig parkeringsplass.
  • Det vert for tida arbeidd med å lage møteplassar fleire stader på Fv 606 og vegen vil verte midlertidig stengt i periodar med sprenging.
  • Irene Sanden frå Solund idrettslag orienterte om utfordringane i pandemien, og kunne fortelja om høgt aktivitetsnivå no etter pandemien! Sjå meir på https://www.solundil.no/
  • Bjarte Engevik frå Fjordane friluftsråd orienterte den flotte utviklinga i Friluftsrådet, og satsinga på Skjærgårdstenesta og arbeidet mot marin forsøpling. Medlemskommunar er Askvoll, Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn. Les meir  på http://www.fjordanefr.no/

Her kan du lese presentasjonen frå Fjordane Friluftsliv (PDF, 6 MB)
 

Her kan du lese presentasjonen frå Klar Bedrift (PDF, 3 MB)

 

Neste Kva skjer i Solund skal vere på Nord-Solund Bygdehus tysdag 11. januar kl. 18-20. Hald av datoen. Program kjem.