Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (dagtid, mandag - fredag) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Nedkjemping av skadedyr

Klikk for stort bileteSkadedyr er eit tilbakevendande problem for mange, nokre år er verre enn andre. I år vert det rapportert om store mengder mus i delar av kommunen, med tilhøyrande problem med fare for smitte og skadeverk. Førebyggjande tiltak er viktig for å unngå skadedyr, og det er huseigar sitt ansvar både å førebygge, og sette i verk nødvendige tiltak. Her kan du få råd og tips om nedkjemping og førebygging, og informasjon om kor du kan finne informasjon og få hjelp.

Forskrift om skadedyrnedkjemping

Ifølgje forskrift om skadedyrnedkjemping, er det huseigars ansvar både å førebygge førekomst av skadedyr, og å sette i verk nødvendige tiltak på eigen eigedom, dersom problemet oppstår. Dersom du som huseigar sjølv ikkje ynskjer å drive med skadedyrnedkjemping, så kan du finne firma på til dømes gule sider. Folkehelseinstituttet har ein oversikt over godkjende skadedyrnedkjemparar. 

Sjå også Folkehelseinstituttet si informasjonsside om nedkjemping av skadedyr og Folkehelseinstituttet si informasjonsside om skadedyr

Informasjon om ulike skadedyr

I Folkehelseinstituttet sin skadedyrvegleiar finn du informasjon og råd om førebygging og nedkjemping av ulike typar skadedyr. Folkehelseinstituttet har eit tilbod kalla "Skadedyrtelefonen" der du kan stille alle slags spørsmål om skadedyr. Spørsmål om skadedyr kan også sendast til dei på e-post.

Mus og rotter

Mus og rotter lever i nær tilknyting til menneske og i bygningane våre. Mus og rotter er rekna som dei viktigaste skadedyra på verdsbasis. Mus og rotter er smittespreiarar av bakteriar, virus, lopper og midd. Nærvær av mus og rotter kan difor innebere helsefare både for menneske og dyr. Smitten overførast blant anna via dyra sin urin og avføring. Mus og rotter kan òg lage store materielle skader på huset ditt. Ei mus/rotte (ho) kan formeire seg til 50-60 i løpet av ein vintersesong, og mus kan ta seg inn gjennom eit 6-7 mm lite hol og rotter gjennom eit 12-20 mm lite hol.

Dette gjer at det er viktig å sette i verk tiltak. Ved førekomst av mus og rotter må det iverksettast tiltak raskt for å hindre spreiing, og materielle skader på huset. Utrydning kan vere kostbart for den som ”eig” problemet (til dømes private med eiga tomt).

Ved førekomst av rotter skal godkjent skadedyrfirma kontaktast for utlegging av rottegift. Personer utan spesiell godkjenning frå folkehelseinstituttet har ikkje lov til å legge ut noko som er merka ”giftig” eller ”meget giftig”.

Nokre råd:

Hagen

• Nedfallsfrukt må fjernast. Sørg for å få fjerna nedfallsfrukta frå frukttre etter kvart som den fell ned. Før frukta rotnar er dette delikatesse for rottene.
• Heimekompostering må føregå forskriftsmessig. Kontakt NGIR for informasjon/vegleiing.
• Fuglar må ikkje matast på bakken. Mating må berre skje i kontrollerte former på eigen eigedom, til dømes på fuglebrett. Det må ikkje leggast mat til fuglar rundt om i bustadområde eller ute i naturen, fordi dette blir mat for rotter eller andre skadedyr. I utgangspunktet er fuglane tilpassa vårt klima og skal finne den maten dei trenger sjølv Det finnast forskjellig fuglemat å få kjøpt til oppheng i tre, eller fuglefrø og brødsmular kan leggast på eit fuglebrett i små mengder.

Uteområde rundt huset

• Organisk materiale som må oppbevarast utandørs, til dømes ved, plankar og anna bygningsmateriale i tre, bør oppbevarast ein halv meter vekk frå husveggen, og helst litt opp frå bakken.  
• Sørg for ei frisone på minst 0,5 m rundt huset. Hald denne fri for vegetasjon, hekkar, busker, kratt og anna som skadedyr kan gøyme seg i og bak. Unngå særleg klatrevekstar langs husveggen, sidan rotter og mus er svært dyktige klatrarar og kan bruke dette til å komme seg inn i huset. 
• Det beste er om bakken inn mot husveggen har ei hard overflate som asfalt, betongstein, heller eller liknande.

Handtering av boss

• Dagleg tømming av papir/søppelhaldarar på uteområde slik at fuglar ikkje kjem til og dreg ut papir og organisk søppel.
• Boss må sikrast med tette gnagersikra søppelhaldarar i metall eller hardplast. Sørg for at dei er heile og at lokket er forsvarleg lukka igjen. Det må ikkje bli liggande boss tilgjengeleg for rottene. 
• Unngå å tømme ut matrester som kan tene som næring for rotter/mus, også i avløpsvatn

Sikring av bygningar

• Tett igjen eventuelle sprekker og opningar mellom bakken og husveggen/grunnmuren. 
• Garasjeporten kan utstyrast med gummilist eller nylonbørste som hindrar skadedyr i å komme seg inn i garasjen. 
• Tett igjen rundt rørgjennomføringar og ventilar med sement eller anna eigna tetningsmiddel, og tett ventilopningar med finmaska metallnett/-gitter eller liknande. 
• Tett igjen fuger mellom ulike bygningselement slik at det ikkje er nokon opningar større enn 5 mm. Ver særleg obs på overgangen mellom grunnmur og kledning, denne overgangen må tettes og sikrast. 
• Sørg for at portar, dører, lufteluker, vindauge, særleg kjellarvindauge ned mot bakken, er stengt eller er sikra mot skadedyr. 
• Dei fleste hus har museband eller børstelister. Sikre at desse er tette, eller legg eventuelt nye, legg stålnetting eller stålplater.  
• Lagerplassar, kjellernedgangar, kjellarar, loft, med meir, må til ei kvar tid haldast ryddige.
• Luftspalter i vindauge kan også sikrast med metallnett. NB! Hugs at du fortsatt har behov for ventilasjon i huset!
• Kontroller avløpsrør. Slukane må vere av metall og vere korrekt montert og intakte. Rengjer sluket regelmessig og sjå til at det er vatn i vasslåsen. Avløpsrør som er permanent fjerna, til dømes etter ombygging, må sikrast med tett lokk eller fyllast med betong. 
• Sjekk regelmessig skjulte område som krypkjellarar, kjellarboder, loft og liknande. Ved oppbevaring av ting i slike rom er det viktig at du fortsatt har oversikt og kan inspisere veggar og hjørner.