Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Mellombels forbod mot akvakulturtiltak for eit geografisk område i Nord Solund

Klikk for stort bileteKommunestyret i Solund kommune har i sak 015/20 lagt ned mellombels forbod mot akvakulturtiltak for eit kartfesta, geografisk område i Nord Solund, fram til vedtak av kommuneplanen sin arealdel, som er forventa i desember 2020. 

Solund kommune vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel i møte kommunestyremøte 16. juni. Kommuneplanen sin arealdel ligg litt bak, der ein forventar vedtak i desember. Gjeldande arealdel vart vedteken i 2010. Prosessen med rullering av kommuneplanen vart sett i gang i 2017.

Føremålet med forbodet er at Solund kommune skal kunne gjere ei heilskapleg vurdering av aktuelle lokalitetar i samband med arealplanprosessen. Ein kan lese meir om bakgrunnen for at saka kom opp her.    

Forbodet gjeld fram til vedtak av ny arealplan som har forventa slutthandsaming i desember 2020, eller maksimalt 4 år. jf. pbl. § 13-2. Fristen kan berre forlengast i særlege høve, jf. § 13-3.  

Kommunestyret sitt vedtak i sak 015/20:

Med heimel i plan- og bygningslova § 13-1 legg Solund kommune ned mellombels forbod mot akvakulturtiltak i eit geografisk område i tråd med vedlagt kart, fram til vedtak av kommuneplanen sin arealdel, som er forventa i desember 2020.

Heile saka kan ein lese her.

Klagerett:
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter regalen i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen av ein part eller anna med klageinteresse, jf. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melsing om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen. I klagen skal det gå fram kva det vert klaga på i vedtaket, og kva endringar ein ynskjer. Klagen skal, dersom det er tvil, innehalde opplysningar om vurdering av klagerett. Før det kan reisast søksmål om vedtaket er gyldig, eller krav om erstatening, må høve til å klage på vedtaket vere nytta fullt ut, jf. Fvl § 27. Det er Solund kommunestyre som er klageinnstans i Solund kommune.