Meld frå om du finn døde trekkfuglar

Måser på berg - Klikk for stort bilete

No kjem trekkfuglane heim og dei kan ha med seg fugleinfluensa frå Sentral-Europa. Mattilsynet treng hjelp av deg for å ta fugleinfluensaprøvar.

Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er høg risiko for at trekkfuglane har med seg smitte til Norge. Mattilsynet vil derfor overvake dette nøye for tidleg å kunne oppdage når fugleinfluensaen kjem til Norge.

Mattilsynet oppfordrar folk som ferdast langs sjø og vatn og våtmarksområde om å melde frå ved funn av sjuke eller døde fuglar. Andefuglar (ender, gjess og svaner), måke-, vade-, rov- og åtselsfuglar (t.d. kråker) er mest utsette for smitte.

Slik melder du frå

Finn du dette bør du kontakte Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00:

  • Fleire (4-5) sjuke/døde "andefuglar" i eit avgrensa område nær vatn/sjø eller våtmark
  • Mange andre døde fuglar i eitt og same område
  • Død rovfugl på typiske opphaldsstader for andefuglar

Mattilsynet vil vurdere behovet for å sende inn fuglane til nærare undersøking. Av omsyn til generell smittefare skal alle unngå å komme i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.

Ikkje farleg for menneske

Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikke farleg for menneske.
 
Fugleinfluensaen er dødeleg for både ville og tamme fuglar. Det er derfor viktig å sikre at dei ville fuglene ikke kjem i kontakt med tamme fuglar i Norge.

Hald fuglane innandørs

I tillegg til overvakinga har Mattilsynet iverksett ei rekke tiltak for å hindre at fugleinfluensaen smittar tamme fuglar i Norge. Det er fastsett ei «Portforbodforskrift» som seier at tamme fuglar skal haldast innandørs eller ute under tett tak.
 
Kravet gjeld for tamme fuglar i områda: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.
 
Dersom du har fjørfe og/eller andre fuglar i fangenskap (ikkje burfuglar innandørs) og bur i desse områda må du også huske på å registrere fjørfehaldet ditt hos Mattilsynet.

 

 

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 07.04.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering