Ledige stillingar ved vaksenopplæringa

2012 - Klikk for stort bilete

Solund kommune har to ledige stillingar ved vaksenopplæringa.

Delar av den eine stillinga vil vere administrativ, og difor kombinasjonsstilling mellom administrasjon og undervisning. Vekting mellom administrasjon og undervisning ønskjer vi å drøfte med den som vert tilsett. Det kan også vere aktuelt å kombinere stilling med undervisningsstilling ved grunnskulen.

Vi er særskild på utkikk etter søkjarar som har kjennskap til introduksjonslova, arbeid med norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar og Opplæringslova.

Søknadsfrist er 27. juli.

Du finn meir informasjon her.

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 05.07.2017 av Mark Elvevåg