Lærlingar i Solund kommune

Hans Petter Indrøy, Mari Bahus og Isabell Ytrøy er alle lærlingar i Solund.

Alle tre er einig i at lærlingplass her gir dei erfaringar dei ikkje ville fått andre stader.

I følgje Hans Petter, som er lærling hos Hafs Elektro & Rør AS, fører det å jobbe på ein liten plass med seg mange spennande utfordringar som han kanskje ikkje ville treft på i ein annan stad.

Isabell er lærling på skulen, og opplever det å ha ei mindre elevgruppe som ein fordel. Då blir ho godt kjent med kvar enkelt elev.

Mari er lærling på Solund Leilighetshotell, og trivast svært godt med det.

Alle tre er samd i at det beste med å bu i Solund er roa og fridomen ein opplever. Dei understrekar at det å ha moglegheit til å reisa til større byar er kjekt innimellom. Då er det også ekstra herleg å komma heim igjen.

Det er openbart at Solund opplevast som ei «trygg hamn». På lang sikt er det Solund dei ønsker å busetje seg, men å reise og oppleve verda rundt må til før den tid.