Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronalinje 954 53 525 (dagtid) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Kva inneber karantene?

Klikk for stort bilete FHI har sett opp råd for dei som sit i karantene.

Dette gjeld for dei som sit i heimekarantene:
- Ein skal ikkje gå på skule eller jobb.

- Ein skal ikkje oppsøke offentlege stader som butikk. Treng ein å få heimkøyrt varer kan ein kontakte Solund Frivilligsentral på 412 43 087

- Dei som bur saman kan omgåast normalt viss ingen av dei har symptom

- Ein skal ikkje ta lengre reiser innanlands eller reise utanlands. Solund kommune ber om at all reiseaktivitet som ikkje er strengt naudsynt blir utsett.

- Ein skal ikkje ta offentleg transport.

- Ein skal unngå stader der det er vanskeleg å halde avstand

- Ein kan gå tur ute, men bør unngå område med andre folk og til dømes halde seg i hagen.