Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelister

390px-Solund_komm_svg 3.jpg - Klikk for stort bilete

I medhald av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for år 2017, sak 065/16, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg ein ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå i dag.

Dette er lister som syner takstar både etter formuesgrunnlags-metoden og etter alminneleg taksering, for alle eigedomar som har fått ein utskriven skatt. I tillegg er kommunestyret sitt vedtak om for kva eigedomar som har fått fritak, lagt ut til offentleg gjennomsyn.

Listene viser dei skattepliktige eigedomane sine matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), takstgrunnlaget, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelistene er lagde ut på Solund kommune sitt servicekontor og er vedlagt på denne nettsida (sjå under).

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, så sant det ikkje er klage på same grunnlag tidlegare år.

For bustadeigedomar, der det er brukt skatteetaten sin bustadsverdi (formuesgrunnlag) som grunnbeløp for utrekning av eigedomsskatten, skal Skatteetaten kontaktast for spørsmål og klage.

For andre spørsmål og klager skal eigedomsskattekontoret i Solund kommune kontaktast.

Klagefristen er 6 veker (rekna frå 01.mars)  – dvs. klaga må vera datert seinast 11.04.2016.

 

Kontaktinformasjon for Skatteetaten sine formuesgrunnlag / bustadverdiar:

Skatt Vest, Fjalerhuset 6961 DALE I SUNNFJORD

tlf. 800 80 000

Les meir på www.skatteetaten.no/bolig samt all informasjon og takseringsreglement som er utlagt på denne heimesida.

 

Kontaktinformasjon for eigedomsskattekontoret i Solund:

E-post: eigedomsskatt@solund.kommune.no

Pr. brev: Solund kommune, Kommunehuset, 6924  HARDBAKKE

Tlf. 57 78 62 00


Syt for å ha god dokumentasjon i ein klage:

Alle klager må vera skriftlege og påstandar må vera godt dokumentert.

Om du meiner noko er feil, så er det størst sjanse for medhald i ei klage på takstnivået, om klaga er godt dokumentert og aller helst vedlagt ein alternativ takst og då av nyare dato.

 

OFFENTLEG SKATTELISTE - fritak år 2017 (PDF, 78 kB)

OFFENTLEG SKATTELISTE - formuesgrunnlag år 2017 (PDF, 226 kB)

OFFENTLEG SKATTELISTE - alminneleg taksering år 2017 (PDF, 214 kB)

Publisert av Mark Elvevåg. Sist endra 28.02.2017 av Mark Elvevåg
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering