OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Koronavaksine - oppdaterte anbefalingar for oppfriskingsdose 4

Folkehelseinstituttet (FHI) har komt med oppdaterte anbefalingar for kven som kan få oppfriskingsdose.

FHI sine anbefalingar

Folkehelseinstituttet vurderer at risikoen for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19 er lav i aldergruppa 18-64 år uten underliggande risiko slik epidemien er forventa å utvikle seg.

Nytten av ny oppfriskningsdose vil vere begrensa fordi vaksinasjonsdekninga er høg og mange har relativt nyleg gjennomgått infeksjon. FHI vurderer derfor at gruppen 18-64 år uten underliggande risiko per no ikkje vert inkludert i anbefalinga om ny oppfriskningsdose i koronavaksinasjonsprogrammet.

FHI anbefaler likevel at det vert opna opp for at personer i aldersgruppa 18-64 år kan få ny dose dersom dei sjølv ynskjer det.

Folkehelseinstituttet anbefaler at tilbud om vaksinasjon med ny oppfriskningsdose til denne gruppa vert sett i gang når kommunen anser å ha gitt eit tilstrekkeleg tilbud til aldersgruppa 65 år og eldre og 18-64 år i risikogruppene, eller samtidig dersom kommunen har tilstrekkeleg kapasitet.

Situasjonen i Solund

I Solund har risikogrupper hatt tilgang til å vaksinere seg sidan september. Vi kan difor opne opp for vaksinering av alle over 18 år.

Det er anbefalt at det går 4 månadar mellom dose 3 og 4.

Siste dato for vaksinering i haust er:

  • Onsdag 14. desember

Har du spørsmål ring vaksinekoordinator Ingunn Kråkås Mjåtveit på telefon 95 45 35 25 

Til toppen