Koronaviruset - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronaviruset. Kommuneleiinga og smittevernlegen fylgjer situasjonen og utviklinga tett

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronalinje 954 53 525 (dagtid) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

 

Korona-smitte i Solund

Klikk for stort bileteSolund kommune har fått ein del spørsmål frå uroa innbyggjarar etter at det vart kjend at personar i Solund har fått påvist korona-smitte.

Omsyn til personvern avgrensar kva informasjon som er mogleg å gje, men vi vil gjerne informere om kva som skjer når ein person vert testa for koronavirus og korleis dette vert praktisert.

 

Når det er mistanke om koronavirus og ein person vert testa, vert det straks sett i gang ei kartlegging av kven som har vore i nærkontakt med den smitta. Både den som er mistenkt smitta og andre som har vore i nærleiken, vert sett i heimekarantene til prøvesvar føreligg. Dette tek pr i dag1-2 dagar. Dersom prøven er positiv, vert dei dette gjeld kontakta og sett i karantene.

Kommunen fylgjer dei til ei kvar tid gjeldande forskrifter frå helsestyresmaktene. Vi gjer det vi kan for at innbyggjarane skal kjenne seg trygge, og dersom du ikkje vert kontakta i samband med smitteutbrot, skal du halde fram med å fylgje dei generelle råda som gjeld alle, m a å  unngå nærkontakt med andre, ha god handhygiene og avgrense opphald på plassar der fleire møtest.

Det viktigaste ein gjer er å følgje gjeldande råd om å begrense smitte.