Kor driv du friluftsliv?

Litle Færøy Buldring - Klikk for stort bilete Solund kommune har starta arbeidet med kartlegging og verdisetting av friluftsområder, kalla friluftslivskartlegginga. Vi skal kartleggje areala som vert nytta til friluftsliv i vår kommune og lage eit temakart for friluftsliv. Dette er eit viktig kommunalt verktøy i arealplanlegginga for å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftsliv i kommunen.

Prosjektet er eit nasjonalt satsingsområde og følgjer Miljødirektoratet sin rettleiar M98-2013. Solund kommune gjennomfører dette i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Forum for natur og friluftsliv.

Kommunen har ein god del dokumentasjon frå tidlegare, men vi treng hjelp frå tur- og friluftsfolket i Solund. Vi vender oss difor til deg for å få innspel til kartlegginga. Kva områder brukar du og andre du kjenner, til friluftsliv?  Med friluftsliv meinar vi til dømes nærturar, toppturar, padling, dykking, bading, fisking, klatring, sykling, ski, skøyter, aking, osv.

Tilbakemelding sendast inn på ein av følgjande måtar:

 

Ta kontakt om du har spørsmål eller treng kart.

Tusen takk for hjelpa!

 

Anne Kristine Dyrdal

Prosjektmedarbeidar

Solund kommune

Tlf 91 86 20 55

Fann du det du leitte etter?