Kommuneplanen sin arealdel

Administrasjonssjefen i Solund kommune har lagt fram nytt framlegg til arealplan for heile kommunen. Solund kommunestyre skal handsame framlegg 21. oktober 2021. Formannskapet har saka til handsaming 7. oktober.

  • Arealdelen er ein viktig plan som skal sikre ei langsiktig, berekraftig utvikling og forvaltning av areal-, natur- og kulturmiljøressursane i kommunen. Kommuneplanens arealdel er rettsleg bindande for all utbygging og alle tiltak som vert omfatta av lova.
  • Arealdelen skal vise kor i kommunen utbygging kan skje og kva for areal som framleis skal prioriterast brukt til landbruk, natur eller friluftsliv.

 

Solund kommune vedtok gjeldande arealdel i kommunestyret 20.04.2010. Den er utarbeidd etter den gamle plan- og bygningslova frå 1985. Det er difor behov for endringar slik at den stettar gjeldande krav og standard for kommuneplan, og at ein får ein gjennomgang av arealbruken. Arealdelen skal syne kva område som er planlagt skal brukast til ulike formål i kommunen fram til neste rullering.

 

Solund kommune hadde 1. gongs høyring på kommuneplanen sin arealdel hausten 2020 med ein høyringsperiode jamfør plan og bygningslova på 6 veker. (https://www.solund.kommune.no/kommune-og-politikk/prosjekt-og-planar/kunngjeringar/kommuneplanen-sin-arealdel-2020-2030-til-hoyring-og-offentleg-ettersyn.38082.aspx) Fristen vart sett til 11. desember 2020. Det kom inn 52 uttalar til høyringa, der dei fleste av desse har fleire innspel til planen. Uttalane er samla i eit eige silingsdokument på over 80 sider. I dette dokumentet er det lenke til innspela, oversyn over kor og kva type innspel det er, og administrasjonen si vurdering av kvart innspel. Med bakgrunn i innspela som kom på høyringa i haust og tilbakemeldingane frå Statsforvaltaren, har det vore påkrevd å gjere vesentlege endringar i planframlegget frå 2020, og administrasjonssjefen tilrår difor ei ny høyring på planframlegget.

Det vert i så fall høve for alle å komma med innspel til arealplanen med vedlegg etter handsaminga i kommunestyret 21. oktober 2021.

Administrasjonen gjer framlegg om ei rekkje endringar for å forsøke å få vedteke ein ny arealplan raskt, då det er mange aktørar som ventar på ei avklaring. Saksframlegget til kommunestyret gjev ei framstilling av denne prosessen. Administrasjonen har svart ut dei fleste bestillingane frå planprogrammet og samfunnsdelen. Det er tilgjengeleg areal for byggeformål i bygdene, rikeleg med næringsareal med utviklingsmulegheiter i heile kommunen, og bustadformål nær kommunesenteret.

 

Du finn saka med vedlegg her
 

Plankartet kan ein sjå på kommunekart.com (trykk på kartlag og vel Kommuneplan og Planframlegg)
Du finn ein enkel bruksanvisning her

Planframlegget med tilhøyrande dokument er tilgjengelig på kommunehuset på førespurnad.

 

Spørsmål kan rettast til:

Trond Sæbø Skarpeteig, leiar samfunns- og næringsutvikling.
Mobil 90058182 eller e-post Trond.Saebo.Skarpeteig@solund.kommune.no

Anne Kristine Dyrdal, rådgjevar samfunns- og næringsutvikling
Tlf. 57 78 62 08 eller e-post anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no